Language icon, NO
Language icon, EN
Language icon, DE
Language icon, ES
Language icon, IT
Language icon, FR
A A A
Hjem > Turist > Planlegg turen > Overnatting > Artikkel

Best Western Hotel Bondeheimen

6 Up 0 Up

Hotell Bondeheimen er medlem i verdas største hotellkjede; Best Western Hotels, og som gjest har du gode fordeler gjennom fordelskort og feriepass. Best Western Hotels kvalitetskontrollerer hotella sine kvart år, noko som gir deg som gjest ekstra tryggleik når du vel eit Best Western-hotell.
Bondeheimen er eit moderne hotell som tek vare på dei gode norske tradisjonane, og dei trivelege medarbeidarane gjer sitt beste for at du skal ha eit hyggeleg opphald. Hotellet har møterom for opptil 25 personar med gunstige prisar.

I Kaffistova blir det servert tradisjonsrik, heimelaga norsk mat og Heimen Husflid byr på det beste innan norsk handverk. Eit hus med trivsel og tradisjon, midt i Oslo sentrum!

Veibeskrivelse
Frå Gardermoen og Oslo lufthamn til hotellet er det både enkelt og rimelig å ta Flybussen. Den stoppar i nærleiken av hotellet i begge retningar. Bussen passerer kvart 20. minutt og ein må rekne om lag 45 minutt reisetid til flyplassen. Også Sentralbanestasjonen og Nationaltheatret stasjon, der flytoget har stopp, er innan gangavstand. Buss, T-bane og taxi haldeplass ligg i same gate som hotellet.

Frå E18 retning frå Drammen skal ein følgje E18 inn mot byen men køyr av før Oslotunnellen i retning Oslo Sentrum. Køyr vidare under Konserthuset i Munkedamsveien og hald fram til de kjem til Stortingsgata (Nationaltheatret) og ta til høgre der. Fortsett og kryss Universitetsgata, hald fram til neste kryss og ta til venstre i Rosentkrantzgate framfor Stortinget. Hald fram og kryss Karl Johan og ta til høgre i neste kryss i Kristian IV's gate. De er då framfor inngangen til Hotell Bondeheimen.

Frå E6 retning frå Gardermoen eller E18 retning frå Gøteborg skal ein følgje skilt mot Oslo sentrum (ikkje køyr ned i Oslotunnellen). Hald fram til de kjem til Stortingsgata. Ta til høgre i første kryss framfor Stortinget og hald fram i Rosenkrantzgata. Hald fram og kryss Karl Johan og ta til høgre i neste kryss i Kristian IV's gate. De er då framfor inngangen til Hotell Bondeheimen.

Adresse:
Rosenkrantz gate 8
Poststed:
0159 Oslo
Web:
www.bondeheimen.com

Informasjon om tilgjengelighet

Person med rullestol (evt med barnevogn, rullator e.l)
Person med gangvansker (evt med barnevogn, rullator e.l)
Person med synshemming
Person med hørselshemming
Person med astma og/eller allergi

Fasiliteter

  • Generelle fasiliteter
    buksepresse, heis, hårføner, internett på rommet (broadband) , kabel-tv, kafé, kafeteria, resepsjon, rom for allergikere, røykfrie rom, telefon
  • Handikap
    Førerhund ikke velkommen
  • Konferansefasiliteter
    antall møterom (3) , flippover, maks sitteplasser som kino (30) , overhead, prosjektør, utstillingsflate/størrelse (kvm), video
  • Kredittkort
    American Express, Diners Club, Eurocard, Visa
  • Prisnivå
    middels
  • Rabatter
    Best Western Gullbonus, pass/andre rabattordninger (ARC, Coop)
  • Restauranttype
    norsk mat
  • Skjenkerettigheter
    alkoholfritt
  • Kapasitet
    127
  • Byggår
    1913
  • Ombygget
    2008
© Best Western Hotel Bondeheimen

© Best Western Hotell Bondeheimen

Transport

Transport
> Stortinget

Avstander

Sentrum
0 km
Flyplass
47 km

Se også

Book online her

Til min booking >

Annonser