A A A
Hjem > Turist > Oslo for deg > Oslo i områder > Oslo Sentrum > Artikkel

Musikal: Which Witch

I over tjue år har Which Witch vore eit omgrep i norsk underhaldning, frå den første singelen i 1987, konsertversjonar over heile landet, fram til den store styrkeprøven for eit engelsk publikum i Londons West End i 1992.

Historia i Which Witch er både dramatisk, romantisk og tragisk. Handlinga er lagt til Tyskland under den politisk urolege reformasjonstida midt på 1500-talet. Den unge og fordomsfrie Maria (Heidi Gjermundsen Broch) forelskar seg i den katolske karrierebiskopen Daniel (Paul-Ottar Haga). Dersom han vil gifte seg, må han seie opp embedet sitt. I tillegg er Maria alt lova bort til ein rik bankmann og skandalen er eit faktum. Søster til Daniel, Anna Regina (Gjertrud Jynge), ser at karrieren til broren er truga av denne kjærleikshistoria, og skyr ikkje noko middel for å stanse forholdet. Ho legg en snedig plan som kastar mistanke om hekseri og trolldomskraft over Maria. At ho får kontakt med ei av stadens ”kloke koner”, Gertrud (Ingrid Jørgensen Dragland), gjer ikkje situasjonen betre for Maria. Snart er heksejakta i gong, og ei umogleg kjærleikshistorie blir nådelaust drive mot heksebålet.
Ingrid Bjørnov og Benedicte Adrian i Dollie de Luxe står bak idéen om Which Witch.

Adresse:
Kristian IV's gate 8
Poststed:
0164 Oslo
Web:
www.detnorsketeatret.no
Kontakt
Tel:
22 42 43 44
Faks:
22 41 53 04

post@detnorsketeatret.no

Billettbestilling
Tel:
22 42 43 44
Faks:
22 33 65 28

billett@detnorsketeatret.no

Tider

DatoKl.Sted
10.10.2008- 05.12.2008
- Fre20:00Det Norske Teatret, Hovudscenen
17.09.2008- 03.10.2008
- Fre20:00Det Norske Teatret, Hovudscenen
30.08.2008- 13.12.2008
Lør18:00Det Norske Teatret, Hovudscenen

Priser

Billetter
Entre 410 kr

Transport

Trikk
No.11/17/18 > Tinghuset

Se også

Annonser